Artistar

Hr. Smiths Venner

Hr. Smiths Venner er et hyllestband til Joachim «Jokke» Nielsen, og leverer de udødelige klassikerne hans med energi, tempo og råskap. 
I 2020 feiret Hr. Smiths Venner 10 år som band, og siden oppstarten har bandet spilt godt over 200 konserter og har opparbeidet seg et særdeles godt rykte som beinsolide leverandører av Jokkes arv. 
Bandet har figurert på forskjellige konsertarenaer, puber, barer, utesteder, samfunnshus, privatboliger, låver, festivaler, klamme kjellere og glovarme scener – både innendørs og ute – rundt omkring i Norge. Ingen scene er for stor og ingen plass er for liten. 
Svette og øl i skjønn forening renner i strie strømmer når bandets fem medlemmer hamrer grundig løs på Jokkes katalog midt i mellom respektfulle tolkninger og skamløs spilleglede, og publikum er garantert å forlate lokalet med et smil om munnen og et minne for livet. 
Kom og syng deg hes mens Hr. Smiths Venner byr opp til haraball, det blir en kveld du (og strupen din) sent glemmer!

RBLS

Musikken RBLS spelar meinar dei sjølve er ein reikarnasjon av dei siste tiårane før millenniumsskiftet, berre pakka inn i eit meir moderne lydbilete.
Dei fire unge herrene har eit stort fokus på å halde gode live-konsertar, og du kan med det forvente ernergisk show på eit høgt nivå
Bandet slapp i 2020 eit album med namnet «1,000 Roses» der låta «Cigarette City» vart anbefalt av P3 Uhørt. Hausten 2022 gav dei ut albumet «Boys Do Cry» der bandet har som mål om at låtane skal vekke ein kjensle i form av ein varm og god klem til alle som treng litt kjærligheit og støtte.

Marit Vestheim m/band

Marit Vestheim er mest glad i å syngje ein blanding av rock, pop, americana og folk. Og helst på klingande valdresdialekt. Artistar som Odd Nordstoga, Synne Vo og Hellbillies er store inspirasjonar, men den siste tida har det også dukka opp eigenskrivne låtar på setlista.
Med seg i bandet har ho Harald Hyseth Østlund på slagverk, Andrian Nielsen på bass og Sindre Larsen på gitar. Ho gledar seg så mykje til å spele på Påskerock 2024!

Drunken Pineapples

De 4 rare guttane fra Valdres starta som eit lokalt ungdomsband forma tidleg på 2010-tallet. Bandet ga i 2013 ut sin fyrste EP i tillegg til å ha spelt fleire konsertar og festivalar rundt omkring i regionen. Etter nokon års ufortjent pause har nå medlemmane vorte «vaksne» og har tatt opp igjen instrumentane og produksjonen av ny musikk. I 2022 ga bandet ut 3 nye singlar som ligger på dine strømmetjenester.
2024-versjonen av Drunken Pineapples byr på meir trøkk enn tidligere, kvar det gås tilbake til røttane med «Psychedelic funk with some chunky punk». Dine venar i «DP» har gleda seg lenge til å spele på Påskerock og endeleg skal det skje! 

The Quelles

Desse gamle karane i The Quelles (Det Kveldes) hevar gjennomsnittsalderen på Påskerock BETRAKTELIG. Men selv om kroppane bevegar seg saktare med åra, spelar desse herrane med eit godt tempo!
«Formålet er å radbrekke mer eller mindre kjent musikk, gjerne fra forrige århundre, og å aktivisere disse herrene og dermed unngå at de henger rundt på serveringsstedene.»